top of page
55332e51-b321-4482-a62a-3c14b44bf76f.jpeg

Eldhuset

Eldhuset ligg i tunet med hovedhuset, men har eigen terrasse, uteplass/inngang med tak over og eiga parkering. Hytta har stove og kjøkken i same rom, nybygd bad med vaskemaskin og to soverom. Det er sengeplass til 4 personar. To doble senger. 

 

Smart-TV

Gratis Wi-Fi

Vaskemaskin

Dyr tillatt

Gratis parkering

Strandlinje

Det er dyner og puter til sengene. Sengetøy, laken og håndklær tek du med, eller leiger (vi leiger ut hotellsengetøy). Viss du skal leige sengetøy må vi vite det på førehand. Det er både barneseng og barnestol i huset.

Berre 40 minutt frå garden ligg Høyanger badeland. I Lavik finn du hotell og restaurant, matbutikk, Lavik kro - som også tilbyr catering, klesbutikk, frisør, bensinstasjon, elbil ladestasjonar og fergesamband mot Bergen, i tillegg til hurtigbåten som går mellom Bergen og Flåm.  Vi anbefalar varmt ein tur med hurtigbåten Lavik - Bergen - Lavik, eller Lavik innover Sognefjorden (Balestrand/Flåm).. Ein dagstur som gir flotte opplevingar på sjøen. Sjekk ruter og prisar på nettsidene til Nordled.

Alværn gard har 4 separate utleigeeiningar. Dei fleste uteområda er felles og kan brukast av alle gjester.

bottom of page