top of page
649ad11a-7af3-4dda-a222-baed2778fa2f.jpeg

Hovedhuset

Ta med familien eller ein vennefamilie, og opplev gardsferie ved Sognefjorden på Vestlandet.

Alværn gard ligg fint til ved fjorden, berre 3 kilometer frå ferjeleiet og tettstaden Lavik. Garden har eiga lang strandlinje, utsikt til fjord og fjell, badeplassar, og merka små turstiar i skogen.
I ei bukt ved fjorden ligg eit koseleg felles naust der du kan grille eller berre kose deg med familie og venner. Her er langbord med plass til mange og store glasdører med utsikt til sjøen. 


 

 

Smart-TV

Gratis Wi-Fi

Vaskemaskin

og

tørketrommel

Dyr tillatt

Gratis parkering

Strandlinje

Hovudhuset har 5 soverom, med totalt 11 sengeplassar, i tillegg til loftstove. Det er to bad, vaskerom og eit romsleg kjøkken, stove og ein innglasa veranda.

Det er dyner og puter til sengene. Sengetøy, laken og håndklær tek du med, eller leiger (vi leiger ut hotellsengetøy). Viss du skal leige sengetøy må vi vite det på førehand. Det er både barneseng og barnestol i huset.​ Berre 40 minutt frå garden ligg Høyanger badeland. I Lavik finn du hotell og restaurant, matbutikk, Lavik kro - som også tilbyr catering, klesbutikk, frisør, bensinstasjon, elbil ladestasjonar og fergesamband mot Bergen, i tillegg til hurtigbåten som går mellom Bergen og Flåm.  Vi anbefalar varmt ein tur med hurtigbåten Lavik - Bergen - Lavik, eller Lavik innover Sognefjorden - mot  Balestrand og Flåm. Ein dagstur gir flotte opplevingar på sjøen. Sjekk ruter og prisar på nettsidene til Nordled.

Alværn gard har 4 separate utleigeeiningar. Dei fleste uteområda er felles og kan brukast av alle gjester.

bottom of page